Grendahuslaget er ei forening med medlemar i hovedsak frå Flemma og Angvik. Foreninga har aldersgrense på 18 år for medlemskap. Foreninga skal arbeide for å ta vare på Grendahuset slik at det kan brukast av alle generasjonar sine behov, treningar/øvingar for ulike organisasjonar, offentlege og private tilstelningar av alle slag. Grendahuset skal vere eit felles samlingspunkt for indre del av Gjemnes kommune.
Rehabilitering av vestveggen, den delen som ligg til tidlegare gymsal. Dette er "verveggen", og her er det gammel bordkledning frå 1975, og til dels dårleg vedlikehald. Det er i alt 9 høge vindu, som alle er punktert, og har til dels stort varmetap. Plana er å skifte alle vindu, og erstatte dei med vindu i same høgd som på resten av vestveggen (kjøkkendelen). Det er også plana å etterisolere veggen med 5 cm. ekstra isolasjon, og legge på ny bordkledning.